Pris: 299,-
Heilt sidan den første skriftkulturen såg dagens lys i Mesopotamia for meir enn 5000 år sidan, har hjertet vore det store mysteriet i menneskelivet.
På ein engasjerande måte fortel denne boka historia om korleis hjertet er blitt oppfatta i ulike høgkulturar, frå oldtida til i dag. Frå den mytiske Gilgamesh sitt urolege hjerte til middelalderens riddarlege og romantikkens lidenskaplege hjerte har det vore eit spørsmål om liv og død, ikkje berre i kroppsleg, men også i sjeleleg forstand.
Med eksempel frå kunst og litteratur i dei ulike epokane gir denne boka ein unik presentasjon av korleis menneske opp gjennom tidene har brukt hjertet som bilde på det å vere til.
Om forfattaren:
Dr. philos. Ole M. Høystad er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark - Bø. Han har bakgrunn i nordisk litteraturvitskap og filosofi, og har i ei årrekke arbeidd med tverrfaglege emne.