Gullboken «Årets utgivelse» til Dialektboka!

HURRA!!

Bokdagen ble en riktig festaften for oss i Spartacus. Da Årets utgivelse skulle kåres var det ingen ringere enn vår egen Dialektboka som stakk av med seieren!


Juryens begrunnelse:

Årets utgivelse

I kategorien Årets utgiving har juryen lagt vekt på at utgivinga skal skilje seg frå andre i uttrykk, tema, sjanger eller på annan måte.

Prisen for Årets utgiving går til ei bok som er særleg eigna til å interessere norske lesarar. Temaet engasjerer breitt, og få ting engasjerer oss meir enn språk og bruken av dialekt.

Ved å bruke ein kombinasjon av tekst, bilete, kart og lydeksempel har forfattar og språkforskar Anders Vaa gitt ei populærvitskapleg fornying av sjangeren. Det enkle, men opplagt effektive grepet med å leggje inn lydprøver, gjer Dialektboka til ein god reiskap for lettare å forstå til kvar dei ulike dialektene kjem frå og korleis dei høyrest ut. Teksten er kunnskapsrik, men tilgjengeleg og humørfylt.Prisen for årets utgiving går til Dialektboka.


Gratulerer med velfortjent seier, Anders!