Pris: 399,-
Vintagestrikk er ei strikkehistorisk tidsreise tilbake til den norske husmora sine glansdagar. I 1930-åra blei strikking for alvor teke opp i motebiletet gjennom populærkulturen, og siste skrik frå Paris smelta saman med overleverte tradisjonsoppskrifter i strikkekorgene landet over.
Her finn du oppskrifter på 28 strikkeplagg i klassisk og tidlaust snitt, henta frå norske vekeblader i perioden 1935–1955. Kvar strikkeoppskrift er nøye gjennomgått og har fått eit moderne språk. Plagga er tilpassa moderne garnsortar og, ikkje minst, dagens størrelsar.
Her kan dagens strikkarar finne ny inspirasjon, og kanskje også få eit nostalgisk gjensyn med strikkeplagg som deira mødrer og bestemødrer ein gong strikka og brukte.
Foto av Camilla Holm Birkeland.
Rettelser til oppskriftene finner du her:
http://www.historikarverksemda.no/wp-content/uploads/2016/09/RETTINGAR-TIL-VINTAGESTRIKK.pdf
Se også bokens Facebookside: https://www.facebook.com/vintagestrikk/