Stavkyrkja i eidsborg

Pris: 349,-

  • info
  • ISBN 9788230400371
  • Innb.:Innbundet
  • Status:I salg
    • Utg.år:2008
    • Kategorier:Historie, eldre norsk | Kunst og kultur | Kunst og kultur | Historie
    • Sideantall:276
    • Forlag:Scandinavian Academic Press
    expand_more
Øystein Morten

Stavkyrkja i Eidsborg

Ein biografi

Aldri før har nokon gått gjennom historia til ei av stavkyrkjene våre på ein så grundig måte.

"Stor bok om ei lita kyrkje."
– Bjarte Botnen, Vårt Land

I mellomalderen fann ein små stavkyrkjer i kvar einaste bygd i Noreg. Dei var sentrum
for det sosiale og religiøse livet, nokre stader heilt fram til i dag.

Dette er livshistoria til ei av desse kyrkjene, Eidsborg stavkyrkje i Telemark. Gjennom
fengslande detaljar følgjer me menneske, ritual, hendingar og gjenstandar i eller
direkte knytt til denne stavkyrkja frå mellomalderen til i dag.

Her kjem historia til løvene og drakane i svalgangen, om presten som slår i hel eit av
soknebarna med øks, og om helgenstatuen dei ber kring vatnet. Me tek del i bryllaup på
1700-talet, blir med antikvarar på oppdagingsferd og får sjå bygget endra seg
gjennom ombygging og påbyggingar. Til saman er det ei Noregshistorie i miniatyr.

Boka er skriven som ei samanhengande soge og er rikt illustrert med teikningar og
fotografi. Aldri før har nokon gått gjennom historia til ei av stavkyrkjene våre på ein så
grundig måte.

Øystein Morten er forfatter og religionshistoriker fra universitetet i Oslo
Les mer om forfatteren

Fler titler av Øystein Morten