Samtidsruinar

Pris: 298,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788243004283
  • Innb.:Innbundet
  • Status:Midlertidig utsolgt
    • Utg.år:2008
    • Kategorier:Dokumentar
    • Sideantall:220
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Marit Eikemo

Samtidsruinar

Marit Eikemo har reist rundt i Norge av idag for å finne moderne ruinar og nytt forfall. Kva typar forfall finst i Norge i dag, kva definerer vi som forfall – og kva seier dette om oss?
Ruinane spenner frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania i sør.

"Glimrende idé, godt utført."
Dagbladet

Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid.

Frå toppen av den morkne Skuibakken i Bærum ser ho etter den norske dugnadsånda. På ein overgrodd kyrkjegard for psykiatriske pasientar på Valen, prøver ho å grave fram namna på gravsteinane. Ein søndag etter ein klassefest tar ho seg ulovleg inn i det som ein gong var verdas største karbidsmelteovn på Smelteverket i Odda. Frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania vitjar ho stader som vekker minne frå oppvekst og liv, men som også ber fram ulike tankar om fellesskap mellom tider og folk.

Marit Eikemo har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.

”Vi har ikkje lov til å vere her. Før eg kom, ringte eg og spurte dei nye eigarane om eg fekk lov til å gå inn på dei avsperra områda på Smelteverket. Svaret var nei. Men eg har ei bok eg skal skrive, boka skriv seg ikkje sjølv, så eg kunne ikkje la meg affisere.”

”Mugglukta riv i nasen. Eg blir svimmel og uvel. Frå langt inne i mørket ein stad, i retning svømmebassenget, dryp det frå røyr og vegger og tak: "Turn back" står det skrive på ein skitten spegel i korridoren.”

Marit Eikemo er romanforfattar og informasjonssjef i Festspillene i Bergen.
Les mer om forfatteren

Fler titler av Marit Eikemo