Pyramiden

Pris: 299,-

Köp
  • info
  • ISBN 9788243003989
  • Innb:Innbundet
  • Status:Utsolgt
    • Utg.år:2007
    • Kategorier:Politikk og samfunn | Reise | Dokumentar
    • Sideantall:188
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Kjartan Fløgstad

Pyramiden

Portrett av ein forlaten utopi

Ein dokumentar om eit forlatt russisk gruvesamfunn på norsk jord, skriven av ein av Norges fremste forfattararar.

«Fløgstad viser skrivekunst på et uvanlig nivå, også målt mot ham selv.»
Tom Egil Hverven i Klassekampen

«Dette er både ei original og intelligent bok.»
Hans H. Skei i Aftenposten

Ein gong var det russiske gruvesamfunnet Pyramiden ein av dei største busetnadene på Svalbard. Men på slutten av 1990-talet vart byen nedlagt og forlatt. Den står no som ein spøkelsesby inst i Billefjorden.

Russarane lot alt stå slik det var: I Kulturpalasset stod ti tusen bøker i hyllene, i kinoen var filmarkivet komplett. På sjukehuset var det medisinar i hyllene, og legejournalar låg oppslått. I dei små husværa er det framleis møblar, og på barneromma heng bilete av gløymde artistar. Med steinandlet stirer Lenin-bysten nedover ei brei og velregulert hovudgate.

Det er som om folk når som helst skal komme attende og ta opp att arbeidet.

Kjartan Fløgstad har vitja gruvebyar over heile verda. Denne boka er hans essayistiske reiseskildring frå verdas mest utilgjengelige utstillingsvindu.

Fotografi av kunstnaren Siri Hermansen dokumenterer Pyramiden slik byen var fram til hausten 2006.

Anmeldelse i Aftenposten
Intervju med forfatteren i Bergens Tidende
Anmeldelse i Prosa

format_quote

«Det er ei glede å følgje Fløgstad og reaksjonane hans i møtet med Pyramiden og i dei undersøkingane han gjer i hovudkontoret til gruveselskapet i Moskva. [...] Fotografia som er med i boka er både ei støtte for teksten, og ei utviding av han. Den vesle boka om ein realisert draum, ein verkeleg utopi som tida og historia har gått i frå, er slik også blitt ei vakker bok.»
Hans H. Skei i Aftenposten

«Kjartan Fløgstad viser skrivekunst på et uvanlig nivå, også målt mot ham selv. [...] Sjelden har jeg sett gjentakelsens kunst brukt så virkningsfullt som i denne teksten [...] Giren i boka likner få tekster jeg har lest av Fløgstad de siste årene. Energien fra «Grand Manila» er her kondensert ned til enda mer brutal, refleksiv skrivekunst [...] Forfatteren har gjort forarbeidet så grundig at beskrivelsene av selve Pyramiden opptrer som velplasserte eksplosjoner i tekstens egne gruveganger. [...] Boka skildrer en enestående forfatters mentale landskap.»
Tom Egil Hverven i Klassekampen

format_quote

Kjartan Fløgstad er forfattar, essayist, kritikar og omsettar.
Les mer om forfatteren