Oppdrag mottro

Pris: 299,-

  • info
  • ISBN 9788243007086
  • Innb:Innbundet
  • Status:I salg
    • Utg.år:2012
    • Sideantall:200
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Linda Eide

Oppdrag Mottro

Jakta på gamle dagar

I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt.


For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg?

I tekst og bilete er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid.


Tast tast tast. (Ringjer Mottro)
mottro: Ja?
meg: Hei, det er meg.
mottro: Å, er det deg?
meg: Ja. Er det ok for deg om eg brukar
telefonsamtalane våre i ei bok?
mottro: Tja, det er vel greitt, men eg skjønar ikkje
kvifor nokon skulle ville lesa ei slik bok.
meg: Forlaget meiner du gir både notid og fortid
ein ny dimensjon.
mottro: Det er det dummaste eg har høyrt i heile mitt liv.
meg: Eg sa til forlaget at du kom til å seia noko sånt.
mottro: Kva sa dei då?
meg: Dei tykte det passa godt inn.
mottro: Ja ja. Berre hald meg utanfor så godt du kan.
meg: Sjølvsagt. Takk. Hada då.
mottro: Ja, hada då.

[Frå forordet]

Linda Eide er journalist, forfattar og spaltist, samt nyttespringar og transportsyklist.
Les mer om forfatteren