Nar far treng meg

Pris: 299,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788243007604
  • Innb.:Innbundet
  • Status:Midlertidig utsolgt
    • Utg.år:2013
    • Kategorier:Politikk og samfunn
    • Sideantall:161
    • Språk:Nynorsk
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Noralv Pedersen

Når far treng meg

Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg

Nær og klok skildring av livet som småbarnsfar og son til ein pleietrengande


Noralv Pedersen er 33 år og ventar sitt andre born. Ein dag får far hans eit hjerneslag og blir sterkt pleietrengande. Pedersen hamnar brått i ei dobbel tidsklemme. På den eine sida skal han handtera livet som journalist og småbarnsfar i byen, og samstundes ønskjer han å hjelpa faren og avlasta mora, som bur i heimbygda to og ein halv time unna.

Mange er i same situasjon som Noralv Pedersen. Dei vil gjerne gi meir omsorg, men maktar det ikkje av ulike grunnar. Likevel unnlèt gjerne politikarane å snakka om den krevjande rolla dei pårørande har i det norske helsevesenet. Familie, vener og frivillige har lenge utgjort ein vesentleg del av den totale omsorga for eldre og pleietrengande i Norge. Men i dag er denne innsatsen under press.

Korleis skal politikarane leggja til rette for at pårørande kan yta viktig omsorg for eldre? Og kva må pårørande sjølve vera villige til å forsaka for å gi ein pleietrengande mor eller far ein så verdig alderdom som mogleg?

Noralv Pedersen er Cand.polit og har vore journalist i NRK sidan 2003.
Les mer om forfatteren

Fler titler av Noralv Pedersen