Mellom gud og stat

Pris: 298,-

  • info
  • ISBN 9788243002876
  • Innb:Innbundet
  • Status:I salg
    • Utg.år:2003
    • Kategorier:Politikk og samfunn
    • Sideantall:264
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Knut S. Vikør

Mellom Gud og stat

Ei historie om islamsk lov og rettsvesen

Ei historie om islamsk lov og rettsvesen. Knut Vikør viser utviklinga av islamsk jus og rettspraksis, frå Profetens tid fram til i dag.

Den islamske lova har alltid operert i eit spenningsfelt mellom Gud på den eine sida og staten på den andre, mellom det religiøse grunnlaget for lova og fellesskapets regulering av samfunnets materielle sider.

Shariaen er islams lovverk - Guds lov. Men det er ikkje klart kva Shariaen skal innehalde. Det er til og med ueinigheit om det i det heile tatt finnes ein konkret Sharia her i denne verda, eller om det berre er eit etisk ideal eller noe som berre Gud har oversikt over.

Mellom Gud og stat er ei bok om utviklinga av den islamske jusens teori og metode, og om rettspraksisen frå Profetenes tid fram til i dag. Vikør viser korleis spenninga mellom det å vere Guds lov og det å vere samfunnets lov har influert på både teori og praksis i islamsk rett og prøver å vise kva det betyr når noen seier at det eine, eller det motsatte, eller begge delar, er ”Sharia” og Guds lov.

Knut S. Vikør er daglig leiar, Senter for Midtausten- og islamske studiar, Universitetet i Bergen.
Les mer om forfatteren