Margretesirkelen

Pris: 349,-

  • info
  • ISBN 9788243010048
  • Innb:Innbundet
  • Status:I salg
    • Utg.år:2016
    • Kategorier:Skjønnlitteratur
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Ingeborg Askeland

Margretesirkelen

Historisk roman




Inga er fødd med kunstnarevner som ikkje blir verdsett i oppveksten på kongsgarden Luro nord for Bergen på 1300-talet. Då Svartedauden kjem til gards, rømmer ho til Bjørgvin.

Ho blir teken inn i eit hemmeleg laug av kvinner i byen. Dei samlar seg om trua på St. Margrete, den norske prinsessa som vart brend på bålet i Bjørgvin i 1301. Kvinnene i lauget står saman i striden mot pesten og alt vondt som kjem etter. Det opnar seg ei ny verd for Inga kor ho finn rom for både kjærleik og skaparkraft.

Margretesirkelen er ein historisk roman om kjærleik og vondskap i ei tid med pest og oppløysing, om korleis eit hemmeleg fellesskap av kvinner skaper lys og framtidstru i ei mørk tid.

UTDRAG:

«Knut? Knut!» Ropa er meir som ei ynking, stemma sviktar. Gamle Knut rører seg ikkje. Godmor stig eit steg tilbake, grip tak i forkleet og dreg det opp mot munnen, knip det saman til ein stor tull som ho held opp mot andletet medan den skrinne kroppen skakar.

Så lèt ho armane og forkleet falla og snur seg sakte rundt. Ho ser på Kåre og blodet på tilja, det renn bakover i båten. Ho løftar blikket mot dei som står på bryggja. Ansiktet er grått som gammal rekved, ut or den tørre munnen kjem det:

«Dette, Inga, er anten pest eller spillsykje, det er farleg. Kom ikkje nærare, Inga! Kom ikkje hit! Hugs på den vesle, det er farlegast for dei minste! Eg har sett pest før, men aldri slikt, dette må vera spillsykje!»

 

«En velskrevet historisk roman ført i pennen av en som virkelig kan det hun skriver om. Kvinneperspektivet fungerer fint og oppleves som nytt.  Askeland skriver på en slik måte at leseren tror på det hele.»
Eirin Hagen, litterær agent


 
 

Ingeborg Askeland Skjønnlitterær debutant i en alder av 76! Men erfaren sakprosaforfatter med historiefaget som bakgrunn.
Les mer om forfatteren