Halsnoy kloster

Pris: 449,-

  • info
  • ISBN 9788243005280
  • Innb.:Innbundet
  • Status:I salg
    • Utg.år:2013
    • Språk:Bokmål
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Bård Gram Økland / Jane C. S. Jünger / m.fl.

Halsnøy kloster

Til kongen og Augustins ære

Det er 850 år sidan Halsnøy kloster vart oppretta, som eitt av 27 mellomalderkloster i Noreg og eitt av fem knytt til Augustinar-ordenen. Klosteret vart eit viktig senter både religiøst og kulturelt. Ved utgangen av mellomalderen var det ein mektig jordeigar som prega områda rundt i vid krins. 

Kva var bakgrunnen for at klosteret vart skipa, og kvifor vart det reist nett på Halsnøy? Kva kan arkeologiske funn fortelje om klosteranlegget? Kven var augustinarane på Halsnøy og korleis levde dei? Kvifor vart klosteret så mektig? Og kva har skjedd med klosteret etter nedlegginga?

Dette er den første samla framstillinga av klosteret si mangslungne soge frå grunnlegginga i 1163/64 fram til i dag. I alt 13 forfattarar frå så vel humanistiske som naturvitskaplege fagområde gir ei brei skildring av klosteret og klosterområdet si omfattande verksemd.

Boka er rikt illustrert.

Redaktørar: Bård Gram Økland, Jane C. S. Jünger og Ingvild Øye
Biletredaktør: Helen Petersen
Forfattarar: Irene Baug, Arild Marøy Hansen, Per Holck, Frode Iversen, Øystein J. Jansen, Jane C. S. Jünger, Hans-Emil Lidén, Dagfinn Moe, Tore Lande Moe, Egil Nysæter, Åslaug Ommundsen, Helen Petersen og Bård Gram Økland

 

Bård Gram Økland Undervisningsleiar ved Bergen Sjøfartsmuseum og ein av redaktørane for Halsnøy kloster.
Les mer om forfatteren

Jane C. S. Jünger Dagleg leiar ved Sunnhordland museum (i permisjon) og ein av redaktørane for Halsnøy kloster.
Les mer om forfatteren

Ingvild Øye professor i mellomalderarkeologi ved Universitetet i Bergen og ein av redaktørane for Halsnøy kloster.
Les mer om forfatteren

Helen Petersen Avdelingsleiar ved Halsnøy kloster og biletredaktør for boka.
Les mer om forfatteren