Dublin

Pris: 199,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788243002104
  • Innb.:Innbundet
  • Status:Midlertidig utsolgt
    • Utg.år:2002
    • Kategorier:Reise
    • Sideantall:148
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Frode Grytten

Dublin

Forfattarens guide

Med sin verdskjende musikk, sin litteratur og sitt folkeliv, er Dublin ein klangbotn i det meste av det Frode Grytten har skrive. Dublin er ei essayistisk reportasjebok om favorittbyen hans, der lesaren kan følgje Grytten fra pub til pub, frå hundeløp til riverdance, og frå det gamle til det nye Dublin. 


Dublin er pop, preik og poesi. Dublin er latter, spøk og sorg. Den irske hovudstaden har også vore viktig for forfattaren Frode Grytten.

I denne boka skriv Grytten fram sitt eige Dublin. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth tar han deg med ut i levande gater, inn på pubar og veddeløpsbanar. Du får møte stupfulle rockestjerner, stolte bypatriotar og blodige cupfinalistar i gælisk fotball. Blandinga av humor og innleving er særeigen for Grytten, og dette er ei bok for alle som vil vite meir om Dublin – og om Grytten sine inspirasjonskjelder.

Over 22 vittige og rørande kapittel får du ein smak av eit Dublin bortanfor dei tradisjonelle guidebøkene.


Frode Grytten (f 1960) var tidlegare journalist i Bergens Tidende og er no forfattar på heiltid, busett i Bergen. Sist utgitt ”Popsongar” (Samlaget 2001).
Vi gratulerer Grytten med norsk språkpris for 2003, som deles ut av Norsk Språkråd.
Om Dublin skriver juryen: "Mykje av boka Dublin handlar om språk, om korleis irane tek "ordet på ordet" og, slik forfattaren uttrykkjer det, "dansar med talemåtar". Forfattarens eigen skrivemåte er også ei dansing og ein leik med tale- og skrivemåtar, med ordtak, boktitlar, populærkulturelle referansar og sitat frå bartenderar, tiggarar, kremmarar og folk flest. Forfattaren har på denne måten skapt ein uvanleg rik tekst, som appellerer til mange ulike lesargrupper, og som i likskap med andre delar av forfattarskapen må seiast å vera ei domeneerobring for nynorskens del".


format_quote

“En skildring som får meg til å lengte tilbake dit jeg ennå ikke har vært”
Anne Schäffer, Bergens Tidende

“Grytten tar både pulsen på byen og byen på pulsen. Hans entusiasme for Dublins puber, gater og ikke minst folk, er smittende. Boka kan leses med utbytte, også av de som ikke planlegger å besøke byen”. Morten Strøksnes, Morgenbladet.

“En bok som gir både reiselyst og leseglede” Ingunn Økland, Aftenposten

“Grytten har skrevet en varm og god bok om Dublin. Den bør leses med en pint i den andre hånden på en brun pub.” Terningkast 5, Håvard Myklebust, Bergensavisen.

“Frode skuffer ikke denne gangen heller.” 5 stjerner, Spirit

“Han skal ha det, han derre Grytten, han skriver som en jævel!” Natt og Dag

"Betydelig bagatell!
Smakfull liten reisepølse i slaktetiden for de som heller foretrekker en
halvliter på puben fremfor en hel dag på museet. En vittig og personlig opplevelse som heldigvis bryter med den nye trenden av reisehåndbøker, som lett kan se ut som
reklamekampanjer for bestemte restauranter, vinhus og hoteller...
Den kan anbefales til nesten alle, utenom avholdsfolk og engelskmenn".
Stein Roll, Adresseavisen

format_quote

Frode Grytten er forfattar, busett i Bergen.
Les mer om forfatteren