Bla beret raud jord

Pris: 299,-

Kjøp
  • info
  • ISBN 9788243005402
  • Innb.:Innbundet
  • Status:Midlertidig utsolgt
    • Utg.år:2010
    • Kategorier:Biografier og memoarer | Politikk og samfunn
    • Sideantall:160
    • Forlag:Spartacus
    expand_more
Vidar Lehmann

Blå beret, raud jord

Feltlege i FN-teneste

«en sterk memoarbok, med hjerteskjærende beskrivelser av råskap i krig. Lehmann er førstehåndsvitne med medisinsk bakgrunn, og det gjør fortellingen  hans brutalt konkret, men samtidig presis.» Bergens Tidende


«Et sterkt personlig vitnemål om krig og nær førti år i fredens tjeneste.»
– Odd Helge Olsen, President i Norges Veteranforbund for
Internasjonale Operasjoner



Meir enn 100 000 nordmenn har i etterkrigstida delteke i fredsbevarande utanlandsoppdrag. For mange var dette eit høgdepunkt i livet, for andre er det blitt ei tung bør.

I denne boka skildrar ein av våre mest røynde veteranar livet i felten, frå Bagdad via Gaza og Libanon til Sarajevo. Vidar Lehmann har vore lege og offiser i fredsbevarande FN-styrkar i fleire periodar sidan 1960-åra.

Lesaren får eit levande innblikk i både kvardag og dramatiske hendingar. Lehmann fortel til dømes om korleis det var å de-briefa dei nederlandske FN-soldatane som ikkje klarte å stansa massakren ved Srebrenica – og om korleis det var å jakta på kjernevåpen i ørkenen i Irak.

Boka har eigne kapittel om traume og seinskadar som har ramma mange veteranar. Her blir òg den såkalla Khiamrapporten offentleggjort for første gong. Lehmann skreiv denne rapporten etter å ha avdekt grov israelskstyrt tortur av fangar.

Men først av alt er denne boka eit sterkt forsvar for dei opphavlege ideane om kva FN skal vera.

Vidar Lehmann er lege og har fleire gonger vore engasjert i FN sine fredsbevarande operasjonar på Gaza og i Libanon.
Les mer om forfatteren