Pressekit for Norske Klassikere

I dette pressekit'et finner du anmeldelser og materiell for nedlasting.

ANMELDELSER
"Det er eit monsterverk som truleg berre kulturjournalistar kunne komme på å lage.. Forlaget gir i baksideteksten, nokså misvisande, inntrykk av at det er norsk populærkultur, det handlar om, men her er det både høgt og lågt i stort sett lykkeleg sameining.…Noko anna godt med boka er subjektiviteten, gleda som gjennomsyrer teksten når skribenten tydeleg har tvinga igjennom ein artist som dei andre meinte ikkje fortente nokon plass. Og mi eiga glede over å gjenoppdage ting, og å la meg overraske. …Eg innser at dette er historia om mitt eige liv, på godt og vondt, som det heiter. Frå ei rørande uskyldig tid og fram til uskyldas brutale død.
..mens det i mange nok av tekstane gnistrar til, der forfattarane verkeleg har eit forhold til det dei skriv om, med humor, milde sarkasmar, elegante formuleringar og uforfalska og utilslørt kjærleik. Som har ført til at eg er villig til å sjå med nytt blikk på opptil fleire fenomen som eg i utgangspunktet såg på som uuthaldelege.
Godt jobba, eg har ingen vektige innvendingar mot dette verket, og eg reknar med at det sjølv vil bli ein aldri så liten norsk klassikar."
Ragnar Hovland, Dagbladet
 
 


Spartacus forlag AS
Ansatte
Foreign rights / Agency
Innsending av manus
Kjøpsbetingelser
Kjøp av ebøker
For presse
For bokhandlere