ISBN: 9788243007086
Status: I salg
Utgivelsesår: 2012
Innbinding: Innb.
  

Linda Eide

Oppdrag Mottro

Jakta på gamle dagar
I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt.
For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg?

I tekst og bilete er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid.


Tast tast tast. (Ringjer Mottro)
mottro: Ja?
meg: Hei, det er meg.
mottro: Å, er det deg?
meg: Ja. Er det ok for deg om eg brukar
telefonsamtalane våre i ei bok?
mottro: Tja, det er vel greitt, men eg skjønar ikkje
kvifor nokon skulle ville lesa ei slik bok.
meg: Forlaget meiner du gir både notid og fortid
ein ny dimensjon.
mottro: Det er det dummaste eg har høyrt i heile mitt liv.
meg: Eg sa til forlaget at du kom til å seia noko sånt.
mottro: Kva sa dei då?
meg: Dei tykte det passa godt inn.
mottro: Ja ja. Berre hald meg utanfor så godt du kan.
meg: Sjølvsagt. Takk. Hada då.
mottro: Ja, hada då.

[Frå forordet]

PRESSE
«Umiskjenneleg underfundig Linda Eide, men trass i dei mange småpussige kommentarane og lattervekkjande poenga, er det ei djupt alvorleg bok. Eit vakkert morsportrett,levert i respekt og kjærleik.»
Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland
«Engasjerer fra begynnelse til slutt.» 
Per Randers Haukaas, Bergensavisen

«Linda Eide, altså. Krydrer historien og tilværelsen.» 
Karianne Torbjørnsen, Telemarksavisa

«Akkurat nå leser jeg "Oppdrag Mottro" av Linda Eide. Da vi laget revy i ungdommen skrev hun teksten, jeg heiste sceneteppet. Det var arbeidsfordeling etter evne.» 
Forlegger Arnstein Bjørke til DN.

  
 



Linda Eide er journalist, forfattar og spaltist, samt nyttespringar og transportsyklist.
Les mer om forfatteren

Melsom-prisen til Linda Eide


Eide får prisen for 2013 for boka Oppdrag Mottro

Tar julebokbadet sammen


Linda Eide og Eduardo «Doddo» Andersen intervjuer hverandre fredag(BT)

Møt Linda Eide!


Her er nokre av stadene Linda dukkar opp framover
Linda Eide: Ein gledens dag
Stemningsrapport frå Mottro sin dåp.

Linda Eide: Mitt artigaste sportsminne
Eide om storebror sitt svev over Vossalandskapet - utdrag frå "Oppdrag Mottro".

Linda Eide diggar mor si
For nokre bøker er det ikkje så farleg å starte med slutten. Høyr siste del av Oppdrag Mottro!


Spartacus forlag AS
Ansatte
Foreign rights / Agency
Innsending av manus
Kjøpsbetingelser
Kjøp av ebøker
For presse
For bokhandlere