ISBN: 9788230400371
Status: I salg
Utgivelsesår: 2008
Innbinding: Innb.
  

Øystein Morten

Stavkyrkja i Eidsborg

Ein biografi
Aldri før har nokon gått gjennom historia til ei av stavkyrkjene våre på ein så grundig måte.
"Stor bok om ei lita kyrkje."
– Bjarte Botnen, Vårt Land

I mellomalderen fann ein små stavkyrkjer i kvar einaste bygd i Noreg. Dei var sentrum
for det sosiale og religiøse livet, nokre stader heilt fram til i dag.

Dette er livshistoria til ei av desse kyrkjene, Eidsborg stavkyrkje i Telemark. Gjennom
fengslande detaljar følgjer me menneske, ritual, hendingar og gjenstandar i eller
direkte knytt til denne stavkyrkja frå mellomalderen til i dag.

Her kjem historia til løvene og drakane i svalgangen, om presten som slår i hel eit av
soknebarna med øks, og om helgenstatuen dei ber kring vatnet. Me tek del i bryllaup på
1700-talet, blir med antikvarar på oppdagingsferd og får sjå bygget endra seg
gjennom ombygging og påbyggingar. Til saman er det ei Noregshistorie i miniatyr.

Boka er skriven som ei samanhengande soge og er rikt illustrert med teikningar og
fotografi. Aldri før har nokon gått gjennom historia til ei av stavkyrkjene våre på ein så
grundig måte.

PRESSE
"Øystein Morten har gjort eit storarbeid med å få tak i all den kunnskap som finst [...] Boka er rikt illustrert, og kan lesast med stor utbytte også av folk utan lokal tilknytning."
– Bjarte Botnen, Vårt Land

"imponerande biografi om kyrkja"
– Bjart Schieldrop, Vest-Telemark Blad

"Eit levande livsverk om ei norsk stavkyrkje, tilsvarande dette, har så langt vore vanskeleg å oppdrive. …interessant og lesarvenleg … Gjennom denne blir historie om kunst, kultur, religion, byggeteknikk, bygdeliv og mytiske hendingar, knytt til eit bygg på 1250-talet, vove saman på ein interessant og overbevisande måte.”
– Ingebjørg Bø, Telemarksavisa

"Ein kan ikkje skrive ei slik bok han har gjort utan kjærleik og ein smule attrå."
– Eivind Blikstad, Telemark Tiden
MATERIELL, OMTALER OG ANMELDELSER
Høyoppløst omslag
Andre bøker av samme forfatter
Øystein Morten

Øystein Morten
Oppsiktsvekkende om helgenkongen
Øystein Morten
Endelig i pocket! "Bedre kan det vanskelig gjøres." VG

Øystein Morten
"Ny forfriskende biografi om en norsk vikingkonge" Terning 5 VG
Øystein Morten
Et sannere bilde av den myteomspunne kongen.
Øystein Morten
Levende historie fra 1000-åring

Titlestad, Morten, Bandlien, Tjønn
Flott boks med de fem første biografiene

Øystein Morten er forfatter og religionshistoriker fra universitetet i Oslo
Les mer om forfatteren


Spartacus forlag AS
Ansatte
Foreign rights / Agency
Innsending av manus
Kjøpsbetingelser
Kjøp av ebøker
For presse
For bokhandlere