ISBN: 9788243004283
Status: Utsolgt
Utgivelsesår: 2008
Innbinding: Innb.
  

Marit Eikemo

Samtidsruinar

Marit Eikemo har reist rundt i Norge av idag for å finne moderne ruinar og nytt forfall. Kva typar forfall finst i Norge i dag, kva definerer vi som forfall – og kva seier dette om oss?
Ruinane spenner frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania i sør.
"Glimrende idé, godt utført."
Dagbladet

Ruinar er ikkje berre gamle steinar. Vi har ruinar rundt oss på alle kantar, og fleire av dei er ikkje ein gong ferdigbygde. Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid.

Frå toppen av den morkne Skuibakken i Bærum ser ho etter den norske dugnadsånda. På ein overgrodd kyrkjegard for psykiatriske pasientar på Valen, prøver ho å grave fram namna på gravsteinane. Ein søndag etter ein klassefest tar ho seg ulovleg inn i det som ein gong var verdas største karbidsmelteovn på Smelteverket i Odda. Frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania vitjar ho stader som vekker minne frå oppvekst og liv, men som også ber fram ulike tankar om fellesskap mellom tider og folk.

Marit Eikemo har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.

”Vi har ikkje lov til å vere her. Før eg kom, ringte eg og spurte dei nye eigarane om eg fekk lov til å gå inn på dei avsperra områda på Smelteverket. Svaret var nei. Men eg har ei bok eg skal skrive, boka skriv seg ikkje sjølv, så eg kunne ikkje la meg affisere.”

”Mugglukta riv i nasen. Eg blir svimmel og uvel. Frå langt inne i mørket ein stad, i retning svømmebassenget, dryp det frå røyr og vegger og tak: "Turn back" står det skrive på ein skitten spegel i korridoren.”

PRESSE
"Dette er essays i egentlig forstand. Spørsmål. Bred utforskning. Leseverdige forsøk på svar ... Presise og assosiasjonsskapende foto i svart-hvitt bidrar til spøkelsesatmosfæren i Samtidsruinar."
Arnhild Skre, Aftenposten

"Eikemos reiser både fysisk og mentalt er med på å gjøre Samtidsruinar til et originalt og poetisk bokprosjekt ... Hun er en fantasirik, godt tenkende forfatter som skriver et nøkternt, presist nynorsk som kler det hun forteller om ... I første avsnitt skriver Eikemo om hvordan hun ikke kan tåle at minner blir borte, og retter en bønn til seg selv: «La det vere folk i setningane!» Dét er en programerklæring mange skribenter kunne ha mye å lære av, og en ambisjon Eikemo imponerende nok stort sett innfrir, selv når hun skriver om tilsynelatende menneskeforlatt forfall."
Kåre Bulie, Dagbladet

"Klok skrivekunst ... Essayene er såpass knappe i formen og to-the-point at
de noen ganger glir over i knallgod journalistikk ... en skikkelig god ide
som er ypperlig gjennomført. ... Etter Samtidsruinar er det ikke lenger
noen tvil om at hun er en av de mest markante stemmene i
samtidslitteraturen. Hun fortjener haugevis av lesere."
Rolf Enger, Bergens Tidende

"At det går an å skrive noe så vakkert om noe så hverdagslig som dette, så nydelig om noe så trist. [...] Med sin personlige stemme lar Eikemo oss møte vår egen tid – oss selv – på en ny og forunderlig måte."
Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad

“Teksten hennar grip tak, tek meg på ei reise som gjer noko med meg. Som får meg til å minnast, verte sentimental, drøyme meg bort. Men eg vert òg vaken og til stades. … Det smågeniale med denne vesle boka er mangfaldet i perspektiv og tema, poetisk halde saman i eit fortetta, assosiasjonsrikt språk, ofte vakkert som eit stykke rav. ... Eikemo skriv kritisk, men på ein måte som verkar ettertenksam. Ho vert aldri insisterande eller sleivete. Ho skyr den billeg symboltunge morgonandaktprosaen, der alt konkret berre vert redusert til ein illustrasjon. Samstundes er nokre av tekstane så komprimerte, så tunge av meining, og orda like krese utvalde som i eit dikt. … Vi har sakna denne vesle boka, men no er ho her.”
Ivar Bakke, Dag og Tid

"Hun forteller personlig, og skriver glitrende omkring sine refleksjoner
rundt de plassene og menneskene hun har møtt ... Marit Eikemo er hele tiden
spørrende i formen og nysgjerrig og rastløs i skrivemåten. Alle essayene
står godt til hverandre og den antydende tonen passer henne meget bra."
Charlotte Myrbråten, BA, terningkast 5.

"Det er et sterkt og paradoksalt nærvær i Samtidsruinar som gjør den til så
god lesning. Rørende, men ikke sentimentalt, kjølig, men ikke ironisk. ...
Sveipene over gårsdagens fravær erter på seg nye oppdagelser, og det er
gjort i en smådjevelsk form som det er vanskelig å la være å like."
Mona Ringvej, Klassekampen

"Marit Eikemos essaysamling er ei klok og til tider morsom bok. Språket er konkret. Og det rommer mange følelser."
Jan-Erik Østlie, Aktuell
Andre bøker av samme forfatter
Marit Eikemo
"Glimrende idé, godt utført."

Marit Eikemo er romanforfattar og informasjonssjef i Festspillene i Bergen.
Les mer om forfatteren


Spartacus forlag AS
Ansatte
Foreign rights / Agency
Innsending av manus
Kjøpsbetingelser
Kjøp av ebøker
For presse
For bokhandlere