ISBN: 9788243002074
Status: I salg
Utgivelsesår: 2002
Innbinding: Innb.
  

Hilde Danielsen

Husmorhistorier

Norske husmødrer om menn, barn og arbeid
Var 1950-talet eit anna univers, eller er det slik at kvinner framleis er prega av husmorideala frå den tida? I Husmorhistorier finst ei meng engasjerande kvinnehistorier frå ei mytisk og moderne tid. Ei rad husmødrer fortel om kvardagen med menn og barn, heim og arbeid, sjølvrealisering og livsmeining.
Mange av ideala for dagens familieliv er henta frå ”husmorepoken” på 1950-talet. Mor heime, felles måltid, heimelaga mat, bollebaking, laurdagskos og søndagstur er framleis ingrediensar i det norske familielivet. Samtidig står husmora for verdiar som mange kvinner tek avstand frå i dag.

Denne boka tek lesaren med tilbake til 1950-talet, til kvinne- og familieideal som i dag verkar eksotiske. Ei rad kvinner som var husmødrer den gongen fortel om kvardagen med menn og barn, heim og arbeid, sjølvrealisering og livsmeining. Med glød skildrar dei kva som kunne hende om ei husmor i gata senka krava til vaskinga, men fortel også at alle ekspertråda i liten grad vart følgde.

Var 1950-talet eit anna univers, eller er det slik at kvinner framleis er prega av husmorideala frå den tida? i Husmorhistorier finst ei meng rørande, vittige og engasjerande kvinnehistorier frå ei mytisk og moderne tid.


VISSTE DU DETTE?

Ei husmor brukte 14 % av arbeidstida si til oppvask. På eit år vaska ho -- når familien talde fire medlemmer -- 5600 glas og koppar, 12 600 tallerkenar, 2450 fat og 17 000 knivar, gaflar og skeier. Tre veker av året stod ho ved oppvaskbalja, og i denne tida gjekk omtrent 5 tonn porselen gjennom hendene hennar. Ei mor med ein nyfødd son måtte vere klar til å vaske 4000 bleier og 2000 bleiehaldarar, gje han bryst 800 gonger, mate han 2000 gonger, spasere 750 km med barnevogn, reie senga hans 4000 gonger, blåse på 180 sår og kular, fordele 20 flasker jod på 600 rifter, forbinde 300 sår med 25 pakker heftplaster, seie ”lukk døra” 2000 gonger og ”vask hendene” 1500 gonger.

PRESSE
 
Andre bøker av samme forfatter
Hilde Danielsen
70-tallets nye kvinne- og mannsbevegelse

Hilde Danielsen er forsker ved UNI Rokkansenteret i Bergen.
Les mer om forfatteren


Spartacus forlag AS
Ansatte
Foreign rights / Agency
Innsending av manus
Kjøpsbetingelser
Kjøp av ebøker
For presse
For bokhandlere