ISBN: 9788243010406
Status: I salg
Utgivelsesår: 2016
Innbinding: Innb.
  

Bjørn Godøy

Dobbeltspill

Kjærlighet og forræderi i skyggen av første verdenskrig

Tidlig om morgenen, den 3. august, 1916, sendte bøddelen ved Pentonville fengsel i London enda en fange i døden. I løpet av karrieren hadde han hengt over hundre mennesker, men denne dagen var likevel spesiell. En britisk adelsmann skulle henrettes for høyforræderi. Mannen som styrtet gjennom fallemmen, het Sir Roger Casement, og var dømt for å ha samarbeidet med tyske myndigheter om å starte en revolusjon i Irland.
 

En ung sjømann fra Moss hadde vært hans nærmeste venn og medhjelper. Eivind Adler Christensen møtte Roger Casement tilfeldigvis i New York sommeren 1914. Frihetskjemperen tok unggutten under sine vinger, og sammen reiste de via Norge til Tyskland. De reiste inn i et Europa som sto i brann, og der en ny og farligere verden vokste frem. Idealisme ble fordrevet av kynisme. Lojalitet ble til en vare man solgte til høystbydende.
 

Dobbeltspill er beretningen om et forhold mellom to menn i krigens ulvetid. Det er beretningen om en forræder som selv ble forrådt.



PRESSE
«Hat mellom nasjoner, kjærlighet mellom menn og forrædere» Hør den glitrende presentasjon av boka i NRK Ekko, 21.09.2016.

«Adelsmannen og gutten fra Moss»
- intervju i Bok365.

Nominert til Kritikerprisen for 2016:
Juryens kommentar:
«Første verdskrig er lite tematisert i norsk litteratur – samanlikna med den andre krigen. I boka Dobbeltspill gjev Bjørn Godøy eit elegant og klokt bidrag, ved å fortelja om mossingen Eivind Adler Christensen, som underleg nok kjem tett på fridomskjemparane i Irland, dei viktigaste diplomatane til Storbritannia, og makthavarane i Berlin. Utan å pressa kjeldene for langt, skaper Godøy ei thrillerliknande historie. Einskildfigurane blir ikkje tvinga for mykje inn i skarpe rammer; likevel maktar forfattaren å visa oss kva svelg den første verdskrigen er i europeisk historie, og kva dobbeltrolle Norge kan seiast å ha spelt i den konflikten. Dobbeltspill er ein tankevekkande og smart komposisjon.»

«Ei drivande godt fortalt historie om to lagnader i skuggen av første verdskrig.
I Dobbeltspill syner Godøy at norsk historie er internasjonal historie, og at første verdskrig ikkje var ein fjern konflikt som hende langt unna Noreg. ­…Med stort driv har han sett saman ein mosaikk der store og små menn og store og små hendingar vert samla til eit større bilete. Gjennom å nytte norske og utanlandske kjelder lèt han den personlege, den norske og den internasjonale soga møtast. Dermed får lesarane nye innsikter i to lagnader - Casement og Christensen - og i dei store hendingane frå byrjinga av 1900-tallet som framleis verkar til å forme vår verd i dag.» Nik Brandal, Dag og tid


«Det er mykje vi ikkje veit om første verdskrig i Norge. Med boka Dobbeltspill gjer Bjørn Godøy eit forsøk på å tetta desse hola - og lukkast veldig langt på veg. Boka fortel om ein gåtefull karakter frå Moss som kjem tett på nokre svært viktige aktørar under krigen, både på britisk og på tysk side. Han held seg inne med begge partar, og blir såleis ein figur som kan spegla Norges posisjon i det store krigsdramaet. Boka er fengslande og fleirtydig, både om den store og den vesle historia. …   Som karakterstudium er Dobbeltspill ei eggande bok.
Kven var eigentleg Christensen? Han dreiv eit dobbelspel med fleire kvinner. Var han bifil, eller brukte han berre forbindinga til Casement for å loppa han for pengar? Var han narkoman? Men korleis blei han no det? Det kanskje aller beste med boka til Godøy er at figuren Christensen løyser seg meir og meir opp - slik modernistiske romanar kan tillata seg å gjera. Også dette er ein erkjenningsmessig arv frå den matrande første verdskrig. Det ligg nok ein spelefilm på lur i Dobbeltspill. Men det er ingen grunn til å venta med boka - ho gjer deg klokare på og meir skeptisk til menneska.» Gudmund Skjeldal, Morgenbladet

«Den irske frihetskjemperen Sir Roger Casement skjønte neppe hvilke konsekvenser hans forelskelse skulle få da han innledet et heftig forhold til Eivind Adler Christensen, en ung sjømann fra Moss. Casement stolte fullt og helt på sin elskede og skjønte ikke at Christensen drev et farlig og forrædersk dobbeltspill som skulle ende i galgen. I Dobbeltspill av Bjørn Godøy følger vi Eivind Adler Christensen gjennom sentrale hendinger under verdskrigen 1914-1918, fram til Irlands løsriving fra Storbritannia i 1922. En nervepirrende thriller om stormaktspolitikk og kjærlighet som gjør blind.» Per Øystein Roland, anbefalt litteratur hos NORLA.


  Aftenposten 23.01.2017


  Dagsavisen, Østfold, 23.01.2017


Aftenposten 01.01.2017

 
  Klassekampen 22.12.2016
Anmeldelse i Dag og Tid